Vi tilbyr familieverntenester til enkeltpersonar, par, familier og grupper i kommunane.
De fleste kjem til oss for rådgivning og samtaler om kvardagsproblem, og når det er vanskar, konflikter eller kriser i familien. Du kan heilt uforpliktende ta kontakt med oss per telefon eller epost.
På kontoret møter du erfarne familieterapeuter og meklerar. Alle som jobbar her har taushetsplikt.
Ventetid hjå oss er for tida
Mekling: inntil 3 veker
Familieterapi: inntil 4 veker
Parterapi: inntil 4 veker
Ventetida kan vere litt lengre på Rjukan og Notodden.
Frå tid til anna opplever dei fleste personar, par og familiar mellommenneskelege konfliktar, vanskar og kriser. Dette er ein naturleg del av det å tilhøyre ein familie eller vere i eit parforhold.
Ofte klarer familien eller paret å finne ein måte å tilpasse seg utfordringane, slik at det blir til å leva med. Nokon gonger blir utfordringane så store at ein ikkje kjem vidare uansett kor hardt ein prøvar.
Hvis ein strevar for lenge med uløyste problem, kan dei utvikle seg til så store påkjenningar at det medfører redusert arbeidsevne, livsutfoldelse og i verste fall fysiske eller psykiske lidingar. Då kan det vere nyttig å søkje hjelp ved familievernkontoret. Ved å snakke med ein utanforståande fagperson kan ein få ny innsikt og andre tilnærmingsmåtar til problema.
Hovudkontoret er i Seljord, men vi har også kontor på:
Rjukan, Psykiatriens hus,
Storgata 7, 3660 Rjukan
Vi er på Rjukan mandag i oddetallsveker.
Notodden, Barne- og familiesenteret,
Skolegata 11, 3674 Notodden
Vi er på Notodden kvar onsdag.
For å bestille time til kontoret på Rjukan eller Notodden tek du kontakt med kontoret i Seljord, tlf 35 06 88 50.
Vi kan også kontaktast på e-post: familiekontoret.ovre.telemark@bufetat.no